image

Har du lyst til å designe og sy dine eigne klede samtidig som du tar eit år på folkehøgskule?

På denne linja får du ein god grunnopplæring i søm og du får sy klede til deg sjølv. Du får lære moteteikning, laga god design og konstruere mønster.

image
image

Dette er linja der jakt og skyting står i høgsetet.

Jakt i fjellet, i skogen og på sjøen – ja vi jakter på nesten alt norsk storvilt som det kan jaktes på.

image
image

Kva er vel betre enn å bruke eit heilt år på hest, der du får gode opplevingar og påfyll av kunnskap?

Allsidig er eit nøkkelord for hestelinja vår. Vi har allsidige hestar, allsidige treningsformer, allsidig utstyr, og du vil få opplevingar du seint vil gløyme.

image
image

Bli med på Hardangervidda, Nord-Europas største høgfjellsplatå! Prøv fartsfylt hundekøyring og bli med på spektakulære toppturar!

Opplev Hardangervidda og lær å meistra det barske høgfjellet gjennom tre forskjellige årstider. Du får mange turdøgn i telt, gapahuk, snøhole og hytte. Klatring, padling, breklatring, telemarkkøyring, kiting, fisking.

image
image

Likar du å arbeida med bilde? På denne linja får du solid basisopplæring i teikning, maling og fotografering.

I tillegg til å utvikla eigne evner lovar vi deg eit stimulerande og kreativt miljø saman med spennande medelevar.

image
image

Her får du ei fin blanding av idrett og friluftsliv - med utfordringar, opplevingar og fellesskap.

Eit år på denne linja inneheld alt frå padling, surfing, fjell og breklatring, rafting og paragliding, telting, toppturar, offpiste-køyring, hundekøyring, kiting, fotball, volleyball, bogeskyting.

image

Spørsmål og svar

Dersom du lurer på noko må du gjerne ta kontakt med skulen på tlf. 53 67 14 00 eller epost: kontor@hardanger.fhs.no

ØKONOMI

1. Kor mykje kostar eit skuleår?

Prisen på skuleåret vårt er:
Kost/Losji 60.000
Linjekostnader 19.000
Fellesturar, fellesutgifter 13.000
Valfag 2.000

I tillegg må du betala kr 1500 i innmeldingspengar som stadfesting på at du tek skuleplassen.

2.         Korleis betalar eg skulepengar?
Skulen set opp ein innbetalingsplan for kvar elev der du får vita kor mykje du må betala kvar månad i skulepengar. Vi ser gjerne at du brukar autogiro eller faste overføringar.

3.         Stipend og lån?
Som elev på Hardanger Folkehøgskule har du rett på stipend og lån frå Lånekassen. Sjå: http://www.lanekassen.no/

4.         Kva forsikring treng eg for skuleåret?
Du treng reiseforsikring i samband med utanlandreisene våre.

GEOGRAFI

5.         Kor ligg eigentleg Lofthus?
Lofthus ligg i Hordaland, innerst i Hardangerfjorden. Med bil tek det ca 30 min til Odda og det tek ca 1 time og 30 minutt til Voss. Til Bergen tek det ca 3 timar. Frå juni 2013 vert reisetida til Voss og Bergen redusert med 45 min på grunn av den nye Hardangerbrua. Sjå og i menyen Kontakt.

6.         Korleis er det lettast å reise tilLofthus med kollektivtransport?
Næraste togstasjon er Voss
Tog frå Bergen til Voss:         www.nsb.no
Tog frå Oslo til Voss:              www.nsb.no
Buss frå Voss til Lofthus:      www.skyss.no

Næraste flyplass er Bergen Lufthavn Flesland
Flybussen: www.flybussen.no/bergen
Frå Bergen Lufthavn kan du reisa på forskjellige måtar:
Båt frå Flesland via Rosendal til Odda: www.rodne.no
Buss frå Odda til Lofthus:     www.skyss.no

Frå mai og ut oktober går det og bussforbindelse frå Bergen
med hurtigbåt via Norheimsund.www.tide.no

Frå Austlandet og Sørlandet går det ekspressbuss:
Buss frå Oslo/Kristiansand: www.nor-way.no  Haukeliekspressen

Om du kjem med bil, tek du av ved kyrkja på Lofthus.
Der står det skilt til skulen. Sjå og Kontakt oss – Kart

OPPTAK
7.         Når er søknadsfristen?
Folkehøgskulen opnar opptaket allereie 1. februar i oppstartsåret. Vi har ingen søknadsfrist, og tar imot søkjarar så lenge som det er plass på dei forskjellige linjene.

8.         Kor fort kan eg rekne med å få svar på søknaden min?
Dersom søknaden din er fullstendig og har med dei vedlegga vi ber om vil du normalt få svar i løpet av ei veke. Sjå meir om søknad

9.         Kan eg halda på ein plass mens eg ventar på svar frå ein annan skule?
Nei, du får ikkje halda av plass mens du ventar på svar frå ein anna skule. Dersom du ikkje tek mot plassen, gir vi tilbodet til andre søkjarar. Du har sjølvsagt sjansen til å ombestemma deg og ta imot plass hos oss seinare dersom det er ledige plassar.

UNDERVISNING
10.       Korleis ser timeplanen ut?
I ei vanleg veke på Hardanger Folkehøgskule har du linjefag frå måndag til onsdag. Torsdagar og dei to siste timane fredagar er det valfag. Dei fyrste timane fredag er det felles fag for heile skulen, allsong, vasketime, folkedans og skulens time. Laurdag er det seminar frå 09.00 – 12.30.

11.       Kva valfag har skulen?
Sjå under menyen: Om skulen – Valfag

12.       Har eg fri kvar helg?
Dei fleste laurdagar er det seminar for heile skulen. Ein del laurdagarer det og elevkveld eller andre obligatoriske arrangement på skulen.

13.       Er det eksamen på ein folkehøgskule?
Nei, folkehøgskulane er og skal vera eksamensfrie.

14.       Er det noko spesielt eg må ha med?
Du får utstyrsliste tilsendt i sommar.

15.       Kan eg vera sikker på at eg får dei
valfaga eg ynskjer?

Vi prøver så lang det er mogleg å gi alle fyrstevala.

OM Å BU PÅ SKULEN
 16.       Korleis er romma?
Sjå under menyen Om skulen – Internat

17.       Kan eg få rom åleine?
Ja, du kan søkje om einerom. Vi har berre nokre få einerom.

18.       Kan eg velje kven eg får bu på rom med?
Dersom du kjenner nokon som skal gå på skulen kan de søkje om å få dele rom. Vanlegvis vil de få det.

19.       Er det trådlaust nettverk på skulen?
Ja, det er trådlaust nettverk på alle internat.

20.       Er det spesielle reglar på skulen?
På ein folkehøgskule er det mange menneske som bur veldig tett saman over lang tid. For at dette skal fungera godt har vi laga fire grunnreglar som alle må fylgja.
1                    Det er deltakarplikt i alle timar, oppgåver og arrangement.
2                    Om natta skal det vera ro på internata slik at det er høve til å sova.
3                    Skulen skal vera fri for rusmiddel.
4                    Skulen aksepterer ikkje grov uhøfleg framferd overfor elevar eller tilsette.

 TURAR
21.       Er det spesielle ting eg bør vita om i forbindelse med turar på skulen?
Hugs å sjå etter at du har gyldig pass og reiseforsikring. Det treng du i samband med utanlandsturar. Til fjellturane og seglturen treng du vanleg turutstyr: varmt undertøy, vind og regntette klede, godt fottøy, sovepose, sekk ( særleg til haustturen ). Til vinterturen treng du turski.

22.       Er utgiftene til turar lagt inn i skulepengane?
Ja, prisane våre dekkjer alle utgiftene gjennom skuleåret

DIVERSE
23.       Kor mange konkurransepoeng kan eg få for å ha gått på folkehøgskule?
Skal du studera vidare på høgare offentlig utdanning, enten høgskole eller universitet, får du med deg to tilleggspoeng for fullført skuleår.

24.       Kan ein bu på skulen i feriane?
I haustferie, juleferie, vinterferie og påskeferie er internata på skulen stengd. I kortare friperiodar kan du bu på skulen.