image

Har du lyst til å designe og sy dine eigne klede samtidig som du tar eit år på folkehøgskule?

På denne linja får du ein god grunnopplæring i søm og du får sy klede til deg sjølv. Du får lære moteteikning, laga god design og konstruere mønster.

image
image

Dette er linja der jakt og skyting står i høgsetet.

Jakt i fjellet, i skogen og på sjøen – ja vi jakter på nesten alt norsk storvilt som det kan jaktes på.

image
image

Kva er vel betre enn å bruke eit heilt år på hest, der du får gode opplevingar og påfyll av kunnskap?

Allsidig er eit nøkkelord for hestelinja vår. Vi har allsidige hestar, allsidige treningsformer, allsidig utstyr, og du vil få opplevingar du seint vil gløyme.

image
image

Bli med på Hardangervidda, Nord-Europas største høgfjellsplatå! Prøv fartsfylt hundekøyring og bli med på spektakulære toppturar!

Opplev Hardangervidda og lær å meistra det barske høgfjellet gjennom tre forskjellige årstider. Du får mange turdøgn i telt, gapahuk, snøhole og hytte. Klatring, padling, breklatring, telemarkkøyring, kiting, fisking.

image
image

Likar du å arbeida med bilde? På denne linja får du solid basisopplæring i teikning, maling og fotografering.

I tillegg til å utvikla eigne evner lovar vi deg eit stimulerande og kreativt miljø saman med spennande medelevar.

image
image

Her får du ei fin blanding av idrett og friluftsliv - med utfordringar, opplevingar og fellesskap.

Eit år på denne linja inneheld alt frå padling, surfing, fjell og breklatring, rafting og paragliding, telting, toppturar, offpiste-køyring, hundekøyring, kiting, fotball, volleyball, bogeskyting.

image

Turar

 

Vi legg stor vekt på eit godt fellesskap på tvers av linjene.
Det er ein av grunnane til at vi reiser på fleire fellesturar.

 

HEDLOTUR

Sjølvlaga song - med koreografi!

Like etter at skulen startar reiser vi på tur til Hedlo turisthytte på Hardangervidda.

 

TUR TIL LISETH

Internatkonkurranse - full innsats

Den andre fellesturen vår går til Liseth pensjonat. Vi har det utruleg moro på vinterfjellet.

 

SEGLTOKT MED S/S STATSRAAD LEHMKUHL

Vi klarte det!!

Kvar vår derg vi på tokt med S/S Statsraad Lehmkuhl til Orknøyane. Å kryssa Nordsjøen med ei så stor skute er ei utruleg oppleving.

SJÅ OG  HEIMESIDA TIL S/S STATSRAAD LEHMKUHL

http://www.lehmkuhl.no/

http://statsraad-lehmkuhl.no/no/skipet/film/