image

Har du lyst til å designe og sy dine eigne klede samtidig som du tar eit år på folkehøgskule?

På denne linja får du ein god grunnopplæring i søm og du får sy klede til deg sjølv. Du får lære moteteikning, laga god design og konstruere mønster.

image
image

Dette er linja der jakt og skyting står i høgsetet.

Jakt i fjellet, i skogen og på sjøen – ja vi jakter på nesten alt norsk storvilt som det kan jaktes på.

image
image

Kva er vel betre enn å bruke eit heilt år på hest, der du får gode opplevingar og påfyll av kunnskap?

Allsidig er eit nøkkelord for hestelinja vår. Vi har allsidige hestar, allsidige treningsformer, allsidig utstyr, og du vil få opplevingar du seint vil gløyme.

image
image

Bli med på Hardangervidda, Nord-Europas største høgfjellsplatå! Prøv fartsfylt hundekøyring og bli med på spektakulære toppturar!

Opplev Hardangervidda og lær å meistra det barske høgfjellet gjennom tre forskjellige årstider. Du får mange turdøgn i telt, gapahuk, snøhole og hytte. Klatring, padling, breklatring, telemarkkøyring, kiting, fisking.

image
image

Likar du å arbeida med bilde? På denne linja får du solid basisopplæring i teikning, maling og fotografering.

I tillegg til å utvikla eigne evner lovar vi deg eit stimulerande og kreativt miljø saman med spennande medelevar.

image
image

Her får du ei fin blanding av idrett og friluftsliv - med utfordringar, opplevingar og fellesskap.

Eit år på denne linja inneheld alt frå padling, surfing, fjell og breklatring, rafting og paragliding, telting, toppturar, offpiste-køyring, hundekøyring, kiting, fotball, volleyball, bogeskyting.

image

Lofthus

Om oss // Turar // Valfag // Internat // Pris // Opptak // Lofthus // Kurs/Utleige // Vandrarheim // Lenker

 

Lofthus sentrum - midt i ein frukthage.

Lofthus er ei vakker lita fruktbygd på austsida av Hardangerfjorden.  Lofthus sentrum har butikk, kiosk, frisør, kino, treningsstudio, lækjar, tannlækjar, pub, kyrkje ++. Mange i bygda har tilknyting til fruktnæring. Her finn vi det største fruktlageret i Noreg og Planteforsk som er eit nasjonalt senter for forsking på frukt og bær. Den største arbeidsplassen i bygda er Hotell Ullensvang. Her tilbyr dei bowling, squash, symjebasseng, solarium og tennishall for den som kjem på besøk. Like ved folkehøgskulen er det ei stor kunstgrasbane der det lokal  5. divisjonslaget, IL Harding , spelar sine heimekampar. I klubbhuset er det ein innandørs miniatyrskytebane og når snøen kjem vert det laga skispor i lysløypa som ligg nær skulen.

Utsikt innover fjorden mot Folgefonna.

 

I lia opp frå Lofthus går ein av dei gamle ferdslevegane over fjellet. Når du kjem opp på kanten er du på Hardangervidda, eit av dei flottaste høgfjellsområda i landet. Her opnar det seg fantastiske turområde med toppar, fiskevatn, jaktterreng og enorme vidder innover fjellet.

Frå kanten av Hardangervidda - fossen Skrikjo.