image

Har du lyst til å designe og sy dine eigne klede samtidig som du tar eit år på folkehøgskule?

På denne linja får du ein god grunnopplæring i søm og du får sy klede til deg sjølv. Du får lære moteteikning, laga god design og konstruere mønster.

image
image

Dette er linja der jakt og skyting står i høgsetet.

Jakt i fjellet, i skogen og på sjøen – ja vi jakter på nesten alt norsk storvilt som det kan jaktes på.

image
image

Kva er vel betre enn å bruke eit heilt år på hest, der du får gode opplevingar og påfyll av kunnskap?

Allsidig er eit nøkkelord for hestelinja vår. Vi har allsidige hestar, allsidige treningsformer, allsidig utstyr, og du vil få opplevingar du seint vil gløyme.

image
image

Bli med på Hardangervidda, Nord-Europas største høgfjellsplatå! Prøv fartsfylt hundekøyring og bli med på spektakulære toppturar!

Opplev Hardangervidda og lær å meistra det barske høgfjellet gjennom tre forskjellige årstider. Du får mange turdøgn i telt, gapahuk, snøhole og hytte. Klatring, padling, breklatring, telemarkkøyring, kiting, fisking.

image
image

Likar du å arbeida med bilde? På denne linja får du solid basisopplæring i teikning, maling og fotografering.

I tillegg til å utvikla eigne evner lovar vi deg eit stimulerande og kreativt miljø saman med spennande medelevar.

image
image

Her får du ei fin blanding av idrett og friluftsliv - med utfordringar, opplevingar og fellesskap.

Eit år på denne linja inneheld alt frå padling, surfing, fjell og breklatring, rafting og paragliding, telting, toppturar, offpiste-køyring, hundekøyring, kiting, fotball, volleyball, bogeskyting.

image

Internat

Om oss // Turar // Valfag // Internat // Pris // Opptak // Lofthus // Kurs/Utleige // Vandrarheim // Lenker

Internata er sosiale arenaer på skulen. Her er koselege dobbeltrom kor du skal bu med din nye venn, og elevstover med kjøkenkrok. Her er det person – og interessemangfold og det vert utvikla sterkt samhald mellom dei som bur der.

Her foregår det pizzalaging, kakebaking, kaffikoking medan andre ser film og diskuterer, eller speler kort og syng. Samtidig finn du elevar som jobbar med faglege spørsmål. Kort sagt er internatet eit yrande liv av personar som skal setja preg på livet ditt dette året.

På internatet vil du gjennom året utvikla evnene dine i forhold til å ta omsyn til andre, vera hjelpsom og tolmodig.

Vi har 3 internat; eit ligg på toppen av sjølve skulebygningen, eit anna ligg like bak skulebygningen medan det tredje ligg like framfor. Eit av internata har innlagt dusj og toalett på romma. På dei to andre må ein dele dusj og toalett med dei andre bebuarane. Det bur både gutar og jenter på same internat. Internata har frå 12 til 16 rom og har flott utsikt mot Hardangerfjorden og Folgefonna.

Kvart internat har sine internatmøter kor ein tar opp spørsmål omkring det å bu saman.Det blir alltid utfordrande situasjonar som ein må ta tak i
slik at internatlivet blir bra for alle.

Internata har også uhøgtidelege konkurransar seg imellom, såkalte internatleikar. Tre gongar i året konkurrerer internata i kappestrid. Vi har leikar både haust og vår, samt dei store vinterleikane under opphaldet på Liseth. Fantastisk moro!

 

 

Frå internatromma på Gutabygget. Som du ser, med eit lite men delikat bad.

 

Slik ser romma ut på Hovedbygget. ( biletet til venstre ) Og romma på Primula ser slik ut.