image

Har du lyst til å designe og sy dine eigne klede samtidig som du tar eit år på folkehøgskule?

På denne linja får du ein god grunnopplæring i søm og du får sy klede til deg sjølv. Du får lære moteteikning, laga god design og konstruere mønster.

image
image

Dette er linja der jakt og skyting står i høgsetet.

Jakt i fjellet, i skogen og på sjøen – ja vi jakter på nesten alt norsk storvilt som det kan jaktes på.

image
image

Kva er vel betre enn å bruke eit heilt år på hest, der du får gode opplevingar og påfyll av kunnskap?

Allsidig er eit nøkkelord for hestelinja vår. Vi har allsidige hestar, allsidige treningsformer, allsidig utstyr, og du vil få opplevingar du seint vil gløyme.

image
image

Bli med på Hardangervidda, Nord-Europas største høgfjellsplatå! Prøv fartsfylt hundekøyring og bli med på spektakulære toppturar!

Opplev Hardangervidda og lær å meistra det barske høgfjellet gjennom tre forskjellige årstider. Du får mange turdøgn i telt, gapahuk, snøhole og hytte. Klatring, padling, breklatring, telemarkkøyring, kiting, fisking.

image
image

Likar du å arbeida med bilde? På denne linja får du solid basisopplæring i teikning, maling og fotografering.

I tillegg til å utvikla eigne evner lovar vi deg eit stimulerande og kreativt miljø saman med spennande medelevar.

image
image

Her får du ei fin blanding av idrett og friluftsliv - med utfordringar, opplevingar og fellesskap.

Eit år på denne linja inneheld alt frå padling, surfing, fjell og breklatring, rafting og paragliding, telting, toppturar, offpiste-køyring, hundekøyring, kiting, fotball, volleyball, bogeskyting.

image

Om oss

 

Hovedbygningen frå 1938.

Hovedbygningen er frå 1937.

Hardanger Folkehøgskule ligg fint til, på ein open plass med utsikt mot Hardangerfjorden og Folgefonna. Skulen vart starta i 1912 og vart flytta dit den ligg no i 1917. Hovedhuset er frå 1937 og rommar administrasjon, klasserom, kjøkken, matsal og internat. I  eit tilbygg er det gymnastikksal, sløydsal, bibliotek, garderobe og felles opphaldsrom. På tunet er det og to andre internat, rektorbustad, ei gamal årestove frå mellomalderen, ein stall med luftegård og ridebane for hestar. I hagen finn du plass til aktivitetar som grilling, solbading, volleyball, badminton, frisbee eller crocket. Eller kanskje du vil avslutta kvelden i badestampen nede i hagen.

Du vil oppleva at Hardanger Folkehøgskule er ein open og inkluderande skule som set deg som elev i sentrum. Vi har ein dyktig stab med lang erfaring i å skapa trivsel og gode rammer for godt folkehøgskuleliv. Vi har eit breitt linjetilbod og elevar frå heile landet og frå utlandet. Dette er med og sikrar eit mangfaldig og spennande miljø på skulen.

Jentene 2009- 10 har elevkveld for gutane.