image

Har du lyst til å designe og sy dine eigne klede samtidig som du tar eit år på folkehøgskule?

På denne linja får du ein god grunnopplæring i søm og du får sy klede til deg sjølv. Du får lære moteteikning, laga god design og konstruere mønster.

image
image

Dette er linja der jakt og skyting står i høgsetet.

Jakt i fjellet, i skogen og på sjøen – ja vi jakter på nesten alt norsk storvilt som det kan jaktes på.

image
image

Kva er vel betre enn å bruke eit heilt år på hest, der du får gode opplevingar og påfyll av kunnskap?

Allsidig er eit nøkkelord for hestelinja vår. Vi har allsidige hestar, allsidige treningsformer, allsidig utstyr, og du vil få opplevingar du seint vil gløyme.

image
image

Bli med på Hardangervidda, Nord-Europas største høgfjellsplatå! Prøv fartsfylt hundekøyring og bli med på spektakulære toppturar!

Opplev Hardangervidda og lær å meistra det barske høgfjellet gjennom tre forskjellige årstider. Du får mange turdøgn i telt, gapahuk, snøhole og hytte. Klatring, padling, breklatring, telemarkkøyring, kiting, fisking.

image
image

Likar du å arbeida med bilde? På denne linja får du solid basisopplæring i teikning, maling og fotografering.

I tillegg til å utvikla eigne evner lovar vi deg eit stimulerande og kreativt miljø saman med spennande medelevar.

image
image

Her får du ei fin blanding av idrett og friluftsliv - med utfordringar, opplevingar og fellesskap.

Eit år på denne linja inneheld alt frå padling, surfing, fjell og breklatring, rafting og paragliding, telting, toppturar, offpiste-køyring, hundekøyring, kiting, fotball, volleyball, bogeskyting.

image

Meir om Kunst

I kunstklassen jobbar vi målretta for at det skal vera eit raust og inkluderande miljø. Hos oss er det lov å prøva, også det du ikkje kan. Vi er flinke til å skryta og oppmuntra kvarandre og er ikkje glade i prestasjonspress. Vi opplever at mange forskjellige personar med forskjellig bakgrunn skaper eit spennande og kreativt miljø. Samtidig er vi glade i å stå på og arbeide hardt. Vi prøver gjerne ein gong til om det er noko vi ikkje får til. På den måten er vi med å hjelpa kvarandre til å våga meir og bli flinkare.

Studieturar:
Vi har fleire studieturar i løpet av året. Den fyrste går til fjellgarden Skaar der vi er nokre dagar for å fotografera og teikna. Det er og ein flott plass å bli rista saman som klasse. Seinare på hausten og like etter nyttår tar vi gjerne ein tur til Oslo eller Bergen. I starten av mars dreg vi på ei vekes studietur til Roma eller Barcelona. Begge desse byane har ein spennande historie og masse flott å sjå og oppleva for folk som er glad i kunst. Her er det og mange motiv for eigne arbeid.

Materialar:
Du får alt du treng av materialar på linja. Det du har av utstyr frå før kan du sjølvsagt bruka og så supplera der du treng det. Vi bruker gode materialar og legg større vekt på kvalitet enn kvantitet i utvalet.

Utstyr:
Du treng ditt eige digitale kamera. Det vil vera lettast for deg å fylgja undervisninga dersom du har eit speglreflekskamera, men du vil og klara deg med eit godt kompaktkamera. Det er og ein fordel å ha sin eigen laptop til redigering av bilete og andre digitale filer. Dersom du har eller kan få låna eit analogt kamera er det fint. Skulen har nokre analoge kamera som vi lånar vekk til elevar.

Klasserom:
Klasseromma er lyse og trivelege. Dei kan du bruka heile dagen. Vi har gode mørkerom for arbeid med analog foto. Vi har og vårt eige galleri der me lagar utstillingar.

Gjestelærarar:
I dei fleste av periodane våre vil Vi ha inn gjestelærarar som er fagleg dyktige og som er gode til å formidla det dei kan.

Periodeplan:
Undervisninga på denne linja er delt i 5 arbeidsperiodar. Her er ein plan som viser hovudinnhaldet i periodane.

1          Introduksjon
I denne fyrste perioden konsentrerer vi oss om to av hovudemna våre, teikning og digital foto. I tillegg legg vi mykje vekt på at vi skal bli godt kjende med kvarandre. Teikneundervisninga har fokus på: Strek, valør, tekstur, skisser, perspektiv og portrett. Innan foto arbeider vi med fokus, blendar og lukkar, naturfoto og portrett. Vi startar og på arbeidet med fotoshop. Tidleg i perioden dreg vi på bli kjent tur og avsluttar med utstilling på skulen. Gjestelærar innan teikning.

2          Kontrast
Her lar vi fargane få stor plass i undervisninga. Vi arbeider figurativt med akylmaling og lino/tresnitt. Lærer om fargekontrastar, men lagar og mykje i svart – kvitt. I denne perioden startar vi opp med analogt foto. Vi lærer å bruka eit analogt kamera, vi ser grundig på lysmåling og vi jobbar med mørkeromsarbeid. Vi prøver oss og på studiofotografering. Utstilling på skulen i slutten av november. Gjestelærar innan foto.

3          Prosjekt 1
Vi lærer om prosessen frå ide til prosjekt. Du får utvikla og gjennomføra eit kort prosjekt med utgangspunkt i eit av dei emna vi har vore innom tidlegare på hausten. I tillegg ser vi på kva kunst er og så luktar vi litt på kunsthistorie. Vi har og nokon intensive dagar med aktteikning. Vi avsluttar perioden med utstilling på skulen. Gjestelærar innan kunstprosjekt.

Utstilling i slutten av januar.

4          Utan grenser
Skap noko nytt – prøv ut moderne og friare uttrykk. Her får du bli kjent med meir moderne og samansette måtar å laga bilete på. Vi arbeider med akryl, teikning og foto og kombinerer gjerne forskjellige teknikkar. Utstilling på Ekspedisjonen, den lokale kafeen/puben.  Gjestelærar innan nyare kunst.

5          Prosjekt 2
Mitt prosjekt! Den siste perioden får du laga eit større prosjekt. Her står du nokså fritt til kva du vil arbeida med. Vi brukar og to dagar til eit motefotoprosjekt med Klesdesignklassen.

Perioden vert avslutta med utstilling og prosjektpresentasjon på skulen.

Er det noko du lure på?

Ta gjerne kontakt på mobil eller mail

Åsmund Aarvik
469 50 639
aasaarvik@yahoo.no