
Rablar du alltid i timane på skulen? Eller lagar du rare krusedullar medan du snakkar i telefonen? Går du rundt med idear og tankar om kreative prosjekt du har lyst til å prøva ut?
Kunstlinja tilbyr deg solid basisopplæring i teikning, maling og fotografering. Du får oppleva og utvikla skaparglede saman med andre i eit kreativt og spennande miljø. Undervisninga er organisert i 5 prosjektperiodar og vil veksla mellom felles gjennomgang av stoff og individuell oppfylging av kvar enkelt elev. I periodane arbeider me med spennande materialar og oppgåver og får besøk av dyktige gjestelærarar. Vi oppsummerer kvar periode med utstilling. Studietur til Roma eller Barcelona.
Stikkord for kva me driv med:
Blyant – kol – skisser – kroki – aktteikning – perspektiv – akrylmaling – fargelære – figurativt maleri – eksperimentering – abstrakt – stilleben – gjestelærarar – 5 utstillingar – photoshop - makrofotografi – portrett – analogt foto – mørkeromsarbeid – naturfoto – studiofoto – prosjektperiodar – linosnitt – landart – collage.
