image

Har du lyst til å designe og sy dine eigne klede samtidig som du tar eit år på folkehøgskule?

På denne linja får du ein god grunnopplæring i søm og du får sy klede til deg sjølv. Du får lære moteteikning, laga god design og konstruere mønster.

image
image

Dette er linja der jakt og skyting står i høgsetet.

Jakt i fjellet, i skogen og på sjøen – ja vi jakter på nesten alt norsk storvilt som det kan jaktes på.

image
image

Kva er vel betre enn å bruke eit heilt år på hest, der du får gode opplevingar og påfyll av kunnskap?

Allsidig er eit nøkkelord for hestelinja vår. Vi har allsidige hestar, allsidige treningsformer, allsidig utstyr, og du vil få opplevingar du seint vil gløyme.

image
image

Bli med på Hardangervidda, Nord-Europas største høgfjellsplatå! Prøv fartsfylt hundekøyring og bli med på spektakulære toppturar!

Opplev Hardangervidda og lær å meistra det barske høgfjellet gjennom tre forskjellige årstider. Du får mange turdøgn i telt, gapahuk, snøhole og hytte. Klatring, padling, breklatring, telemarkkøyring, kiting, fisking.

image
image

Likar du å arbeida med bilde? På denne linja får du solid basisopplæring i teikning, maling og fotografering.

I tillegg til å utvikla eigne evner lovar vi deg eit stimulerande og kreativt miljø saman med spennande medelevar.

image
image

Her får du ei fin blanding av idrett og friluftsliv - med utfordringar, opplevingar og fellesskap.

Eit år på denne linja inneheld alt frå padling, surfing, fjell og breklatring, rafting og paragliding, telting, toppturar, offpiste-køyring, hundekøyring, kiting, fotball, volleyball, bogeskyting.

image

Meir om Klesdesign

Design:
Teikning, anatomi, croquis og komposisjon. Fargelære, collage og moteteikning.
Klesdesign er å skape vakre, behagelege og stilige klær til forskjellig type bruk.
Målet er både å skape god design som passar til dine plagg og kunne vise fram og presentere ideane dine på ein god måte.

Trend:
I staden for å leite etter dei store motetrendane skaper du din eigen trend!
Kvifor skal vi kopiere motetrendane og lage det andre har gjort før oss? Finn heller din eigen stil.

Gjennom turar, opplevingar, samtaler, motereportasjar og eksperimentering finn du din stil og ditt særpreg. Hugs at alt du lagar etter eigen fantasi blir unikt og eineståande. Vi snakkar om kropp, identitet og verdiar og om kvifor vi kler oss på ulike måtar.

Motehistorie:
Vi jobbar med klærne sin historie frå middelalderen og fram til i dag. Her handlar det både om fantastiske rokokkokjolar på franske slott og hippieslengbukser på 70-talet. Tidlegare motedesign er alltid til inspirasjon når ein skaper noko nytt.

Mønsterkonstruksjon:
Du får lære å tilpasse ferdige mønster etter dine eigne mål. Du lærer også å forandre på eit mønster for å lage spesielle detaljar. Vi brukar grunnmønster og lagar snitt og fasong som passar.Om du er spesielt interessert i mønsterkonstruksjon kan du få lage ditt eige grunnmønster. Du kan også få eksperimentere med modellering og drapering som betyr å forme stoffet direkte på modellbyste.

Søm:
Vi går gjennom grunnleggjande teknikkar og ulike måtar å sy klær på. Om du ikkje kan sy frå før startar vi med det enklaste og lærer korleis vi syr ulike plagg. Vi startar  med plagg med enkle snitt. Etter kvart får du designe og sy klær som passar både til kvardag og fest.
Flotte, elegante kjolar er alltid moro å lage og kanskje vil du sy eit korsett?

Redesign:
Dette betyr å designe og lage nytt av gammalt. Vi som jobbar med klær kallar dette omsøm.  Dei siste åra har omsøm av gamle klær blitt stor mote. Likeeins er det eksklusivt å kjøpe brukte klær i secondhand – og vintagebutikkar. Vi skal både leite etter skattar på fretex  og dra på vintagebutikkar i London og Milano. Kanskje finn du noko fint i bestemors klesskåp?

Ved hjelp av enkle triks kan du fornye  eller setja ditt særpreg på gamle plagg. Vi skal lære litt om økologisk og miljøvenleg klesindustri. Er det rett å kaste klede som har gått ut på dato? Kva kan vi gjera med ”bruk og kast” mentaliteten?

Motefotografering:
Lyst til å prøve deg som modell i sjølvsydd antrekk? Vi brukar profesjonelt fotostudio med fleire atelier i Tyssedal og låner fotografar frå skulen si kunstklasse.

Moteshow:
Vi lagar fargerike moteshow med catwalk og musikk. Visning av heile klassa sine kreasjonar.

Materiallære:
Har skjørtet ditt smelta under stryking eller ullgenseren krympa på kokvask? Etter å ha lært om material og stoffegenskapar blir ikkje dette noko problem lengre! Du lærer óg  om korleis du kan velje rette stoff til ulike plagg.

Accessories:
Lær å strikke og hekle! Det er supertrendy! Luer, pannebånd, skjerf, vottar og genserar.
Av anna type tilbehør kan du  lage smykker, vesker, toalettmapper, applikasjon, toving, broderi eller makramé.

Innkjøp :
Vi reiser fleire turar til Stoff & Stil i Bergen for å kjøpe materiale til det vi skal lage. Vi gjer også innkjøp på  postordre.
Elles handlar vi i London og Milano.

Utstyr:
Skulen har symaskiner til utlån, overlockmaskin, modellbyster, klippebord og arbeidsbord i eit lyst stort lokale. Her er det ope på kveldstid og i helgene.

Skuleåret blir delt i 4 inspirasjonsperiodar. I desse periodane reiser, opplever og lærer vi spesielt om :

  • NORSK NATUR: Opplev fjord, fjell og vidde i vakre Hardanger.Vi bur midt i denne naturen og let  oss inspirere: frå klasserommet ser vi Folgefonna; landets tredje største isbre. Om vi vil gå ein bratt tur er vi oppe på Hardangervidda og vi har landets flottaste fossar ikkje langt frå skulen. Raude eple i massevis i september og fruktblomstring i slutten av april.
  • LONDON:  Bli med og sjå kva denne fantastiske byen har å by på: alt frå gatemote, vintagebutikkar og marked til fargesprakande musicals. Sjå meir om turane.
  • NORSK TRADISJON: Gjer som dei storste av våre motedesignarar; bli inspirert av norsk  tradisjon og stil. Det finns mange kunst og kulturskattar både i Hardanger eller på kanskje din heimplass. Dette kan brukast til å komponere spennande plagg og tilbehør. Det er  berre å slepp fantasien laus!
  • MILANO: Vi reiser til verdas mest berømte moteby! Opplev Italia, eksklusive motemerke, kunst, gateliv og trendy fashion….
    Med deg heim i bagasjen har du masse idear til ting du sjølv kan lage….

LITT MEIR OM TURANE VÅRE:

London:
Tur til denne byen gir opplevingar og impulsar i bøtter og spann:

Camden Market er Londons største marknad og her finn ein alt frå vintage- og punka klær til smykker og kunsthåndverk. Laurdags føremiddag går vi på det berømte Portebello Road market på Notting Hill. Vi kan besøke Spitalfield Market som er byens mest kjente sundagsmarked med masse spennande å sjå på.  Hektiske Oxford street er eit eldorado for handlelystne og ein tur innom billige Primark er obligatorisk. Sjokoladebutikken  i  Harrods er eit syn. Om nokon vil ha rimelege silkestoff er det bare å reise til Goldhawk road. Velg blant Londons berømte musicals, opplev kjoleutstillinga i eit av verdas største museum Victoria & Albert. Rusletur rundt Buckingham Palace, Big Ben og Westminster Abbey. Besøk i verdenskjent skreddaratelier og motemuseum. Kanskje freistar skrekkmuseet London Dungeon, Vokskabinettet Madame Tussaud eller pariserhjulet London Eye?

Vi kjenner historiens sus frå erverdige Towerfestninga der Henrik 8. hadde si storhetstid.

Vi rekk ikkje alt, men skal velje ut det beste for oss. Turen er planlagt i november.

Milano:
Tur til eksklusive Milano er  rosina i pølsa dette året:

I verdas mest berømte moteby kan du oppleve fasjonable butikkar, eksklusive motehus, prestisjetunge handlegater, storslagne katedralar og verdas mest kjende opera. Italiensk gateliv og  sjarmerande bydelar med sjarmerande cafear. Verdens tredje største kyrkje Milanodomen er verdt eit besøk, likeeins det verdenskjende maleriet ”Nattverden” av Leonardo da Vinci. Lunsj i det sjarmerande området Brera eller kveldsvandring og restaurantbesøk i Ticinese. Stemningar og nye inntrykk gjer sitt til at det blir ei spennande reise.

Veske frå Prada eller stilettsko frå Dior har du nok ikkje råd til, men inspirasjonen er gratis! Milano har elles shoppingtilbod til den som har litt slankare lommebok og kofferten blir sikkert tung å dra med seg heim igjen…

Turen blir tidleg i mars.

Det blir fleire korte TURAR RUNDT I HARDANGER i løpet av skuleåret. Det kan vera både overnattingsturar på hytte eller dagsturar.

Vi brukar den flotte naturen og kulturen som inspirasjon.

Vi har lyst til å ha deg med i gjengen på  KLESDESIGN.

Velkommen til oss!