
BLI MED Å SKAPE DIN EIGEN MOTE OG SY DINE EIGNE KLÆR.
Start reisa di på Klesdesign, og vegen vidare blir til medan du går:
Her får du lære, utforske, prøve og feile, boltre deg i fargar, stoff og garn.
Du får leite fram din spesielle stil og lage din eigen trend.
Du får øve opp fantasi og kjenne gleda av å skape noko.
Du får reise lokalt og sjå noko av det vakraste Noreg har å tilby.
Sjølvsagt skal vi ut i verda og oppleve to flotte byar: LONDON og MILANO.
Du får vera med på fellesturar med alle skulens elevar på fjell og vidde i tillegg til ein eineståande segltur.
” Skap eit kreativt og kult liv for deg og andre” ( sitat: motedesignar Tine Solheim)
Unn deg eit fantastisk og kreativt år med klesdesign, nye venner og masse opplevingar!

