
På denne linja vil du kunne kombinere dine interesser for idrett og friluftsliv. Du får trene og halde deg i form, samtidig som du får koma ut på tur og oppleve mykje nytt. Du får lagspel på ein idrettsarena, og du får fellesskap på tur. Du får trene individuelt, og du får lære deg å spele på lag med andre, både i idrett og på tur.
Skulen ligg plassert i ein fantastisk natur med flotte forhold til å drive med både idrett og friluftsliv. Årstidene og været kan styre litt av det vi held på med, men det gjer berre at vi får god variasjon i opplegga! Det vil ikkje mangle på aktivitetar!!
Vi deler opp skuleåret i 4 periodar som har litt ulikt innhald.
1) Frå skulestart til haustferien
På seinsommaren og hausten startar vi skuleåret med å bli kjende med kvarandre og byggje fellesskapet som vil vare ut året, og kanskje resten av livet? Vi startar opp med adrenalinkick i form av rafting og paragliding, og fylgjer opp med kajakkpadling og toppturar. Vi har tur på Hardangervidda, brevandring og isklatring på Folgefonna, m.m. Det vil også bli idrettsaktivitetar som fotball, slåball, bogeskyting.
2) Haustferien til vinterferien
Dette er haust- og vintertida. I denne perioden vil vi trene kondisjon og styrke og bruke treningsstudio. I tillegg vil du få drive med fjellklatring og rappellering, ballidrett, kiting, orientering/GPS, og etter kvart ulike skiaktivitetar. Vi drar på overnattingstur på Hardangervidda og brukar også både alpinanlegg og langrennsløyper. Høgdepunktet i perioden vil vere tur til Marokko med surfing og topptur i Atlasfjella!
3) Frå vinterferien til påske
No på seinvinteren vert det fokus på ski, alpint, telemark, kondisjon og styrke, treningsstudio, volleyball, toppturar og hundekøyring. Vi tar blant anna turen til Hemsedal for å leike oss i eit av Noregs beste alpinanlegg!
4) Frå påske til skuleslutt
Denne siste perioden vert det avslutning av skuleåret i vårlege forhold. På planen står då «IF-Ekspedisjonen2013”, som inneberer ulike turopplegg på kryss og tvers i Noreg. Elles blir det kano/kajakk, fotball og klatring.
På turane er det ulike former for overnatting. Vi har gode telt og lavoar, vi leiger og låner hytter, kan byggje snøhole eller iglo, eller rett og slett sove under open, stjernespekka himmel!
Noko av opplegget kan vi ha i samarbeid med Friluftslivklassen der det er naturleg. Vi drar også på tur til andre folkehøgskular i Hordaland for å utfordre dei i fotball og volleyball!
Med mange elevar med ulik bakgrunn og ulike interesser, er det naturleg om det kjem forslag til aktivitetar som ikkje er nemnt her. Vi vil sjølvsagt få til så mykje som mogeleg!
