
Her får du ei fin blanding av idrett og friluftsliv – med utfordringar, opplevingar og fellesskap.
Skulen ligg eit steinkast frå Hardangervidda som opnar for mange aktivitetar alle årstider. Du vil få vere med på telting, toppturar, snøholegraving, hundekøyring, og kiting.
Eit år på denne linja inneheld også kajakk, surfing, fjell og breklatring, rafting og paragliding. Om vinteren blir det alt frå langrenn til offpiste-køyring i Hemsedal og Røldal. Idrettsaktivitetane varierar frå fotball på skulen sin kunstgrasbane, til volleyball og bogeskyting i gymsalen. Dessutan bruker vi treningsstudio og symjehall.
Linja tar i oktober turen til solfylte Marokko der hovedaktivitetane er surfing og topptur til Nord-Afrikas høgste fjell Toubkal,4167 m.o.h! Marknaden i Marrakech er også verdt å få med seg!
På vårparten kan du sjå fram til IF-EKSPEDISJONEN 2013!
Ta utfordringa!
