I løpet av eit skuleår på Hardanger folkehøgskule får du mange ulike opplevingar med hest.
Skuleåret vert skreddersydd etter kva sammansetting vi får av hestar og elevar det året, ettersom det fins mange variablar i kunnskap og erfaring hos elevane, og utdanningsnivået på hestane er forskjellig.
Stallen vår har plass til 9 hestar, og vi har plass til å to 2 på utegang. Vi tilbyr også elevar å ta med eigne hestar. Ta kontakt med hestelærar!
Hestelinja og opplegga er allsidige.
Å forstå hesten
Du lærer om hestens kroppsspråk og du får studera hesteflokken vår på beite. Kommunikasjon, og det å kunne ”lesa hesten” er alfa og omega for å få eit godt forhold til hesten.
Kløv- og ridetur
Her i vakre Hardanger har kløvtradisjonen vært ein av dei viktigaste sidene ved det å ha hest. Dersom du likar friluftsliv og å gå turar i fjellet, så er det ein ekstra bonus å få ha med seg kløvhestar på tur! Du lærer god turplanlegging, skrive pakkelister, og får tørrtrena med kløv i lett terreng. Ein kløvhest klarar å bæra ca 20 % ”dødvekt” av eigen kroppsvekt. I fjellet vel vi stiar som er framkommelege og trygge for hestane. Når vi er framme ved målet, og hestane er trygt plassert innanfor eit gjerde, er ingenting betre enn å kosa seg med god mat rundt eit bål, mens latteren sit laust! Naturopplevingane med hest i fjellet er fantastiske!
Anatomi og fysiologi
For å ta livet av gamle myter, eller for å få ei breidare forståing for kvifor vi gjer ting som vi gjer, eller kvifor det er lurt å tenkje nytt og annleis, så er det utruleg nyttig å få kunnskap om kva som skjer under huden på hesten! Her inngår blant anna lære om hestens tenner, skjellettet/ledd, muskulatur, høver (eget barfottrimmekurs), fordøyelsessystem og treningsfysiologi, osv.
Saltilpassing
Først i dei seinere åra har hesteigarar oppdaga kor viktig det er at hesten vert ridd med ein korrekt tilpassa sal. Du vil få læra mykje om kva du skal sjå og kjenne etter, samt kva slags symptom hesten ofte viser når salen ikkje passar.
Massasje
Fysisk kontakt skapar band mellom individ. Gode hestevenner steller pelsen til kvarandre, og klør og nappar. Massasje gir fysisk og psykisk velvære, du blir betre kjent med hesten, får betre oversikt over helsetilstanden, oppdagar skadar fortare, og blir meir observant på korleis treningsopplegget ditt påvirkar hesten.
Taumekøyring
Dette er starten på temminga før ein spenner vogna bak hesten. Det er ein fin måte å kunne sjå korleis hesten beveger seg under treninga. Her kan ein trena inn dressøvingar, eller rett og slett sjølv få seg ein treningstur i skogen etter hesten.
Køyring
Du lærer trygge rutiner ved forspenning og køyring. Skulen har roadcarter, firehjulsvogn, og ulike triller. Elevane får ofte spørsmål om køyreoppdrag frå barnehager, barneskule, julegateåpning osv.
Instruksjon på bane
Læraren har fokus på den loddrette sitsen, forståing og timing av hjelparane, og styrkjande/lausgjerande øvingar for hesten.
Turridning
Her får du ri i variert terreng med flotte utsiktspunkt utover fjord og fjell!
Barneridning
Ein dag i veka arrangerer elevane ridning for barn i området som har meldt seg på tilbodet om riding. Pengane går til hestelinja. Her kan du få ansvar for instruksjon, du lærer å samarbeida med andre, og får sjå kor mykje barna kosar seg når dei er saman med hestane.
Lange tøyler
Dette er ei treningsform frå Den spanske rideskolen, kor ein lærer hesten å lystra svært lette hjelparar, og trener han opp til å gå godt fram og bære seg sjølv. Du går ved sida av hesten si hofta, med eit sett lange tøylar samt pisk i handa, og herifrå kan du læra hesten ulike dressurøvingar og tempo.
Longering
Longering er alltid kjekt å kunne, anten det gjeld å få ut litt futt før ein ridetime, eller visa hesten for veterinær, eller om du skal trena voltige. Først og fremst lærer du korleis du longerer ved hjelp av kroppsspråket.
Natural Horsemanship- kurs
Her leiger vi inn ein ekstern NH-trenar som lærer oss om verktøyet ”rundpaddock”, og diverse leieøvingar, hengerlasting, osv.
Kurs i barfottrimming med René Bratland
Ei helg får du grundig opplæring i hovens strukturar og anatomi. René gir også innføring i skjæring av høver, og kva som er ein sunn hov. Her skaffar vi ”dødbein” som du får trena deg på, samt sjå disseksjon av heile det nedre beinet.
Fôring
Dette er eit nesten uutømmeleg tema, men du vil få innblikk i dei viktigaste retningslinjene, og lærer å rekna ut fôrplanar for ulike typar hestar og behov, kor mykje hesten veg, osv.
Hestens helse
Kva er ein frisk hest, og hva kan symptoma på ein sjuk hest vera? Her lærer du å måla puls, åndedrett og temperatur, korleis handtere sårskadar, bandasjera, du får vera med på veterinærundersøking, tannrasping, med meir.
Stalltjeneste og vedlikehald
Det er tidkrevjande å ha hestar. Her vert de delt inn i grupper som rullerer på ansvaret for å halda hestar og stall i orden, det vil sei; fôring, utslepp/innslepp, møkking – alt som høyrer til det å ha eigen hest. Klassen blir også med på vedlikehald og flytting av beiter, flislessing-/lossing, vedlikehald av utstyr, m.m.
Marokko
Eit av fleire høgdepunkt på hestelinja er ridetur fra landsby til landsby i Marokko!