image

Har du lyst til å designe og sy dine eigne klede samtidig som du tar eit år på folkehøgskule?

På denne linja får du ein god grunnopplæring i søm og du får sy klede til deg sjølv. Du får lære moteteikning, laga god design og konstruere mønster.

image
image

Dette er linja der jakt og skyting står i høgsetet.

Jakt i fjellet, i skogen og på sjøen – ja vi jakter på nesten alt norsk storvilt som det kan jaktes på.

image
image

Kva er vel betre enn å bruke eit heilt år på hest, der du får gode opplevingar og påfyll av kunnskap?

Allsidig er eit nøkkelord for hestelinja vår. Vi har allsidige hestar, allsidige treningsformer, allsidig utstyr, og du vil få opplevingar du seint vil gløyme.

image
image

Bli med på Hardangervidda, Nord-Europas største høgfjellsplatå! Prøv fartsfylt hundekøyring og bli med på spektakulære toppturar!

Opplev Hardangervidda og lær å meistra det barske høgfjellet gjennom tre forskjellige årstider. Du får mange turdøgn i telt, gapahuk, snøhole og hytte. Klatring, padling, breklatring, telemarkkøyring, kiting, fisking.

image
image

Likar du å arbeida med bilde? På denne linja får du solid basisopplæring i teikning, maling og fotografering.

I tillegg til å utvikla eigne evner lovar vi deg eit stimulerande og kreativt miljø saman med spennande medelevar.

image
image

Her får du ei fin blanding av idrett og friluftsliv - med utfordringar, opplevingar og fellesskap.

Eit år på denne linja inneheld alt frå padling, surfing, fjell og breklatring, rafting og paragliding, telting, toppturar, offpiste-køyring, hundekøyring, kiting, fotball, volleyball, bogeskyting.

image

Meir om Friluftsliv – Hardangervidda

 

Fjellturar, fisking, småviltjakt, hytte til hytte, bre, isklatring, padling, bål og matlaging. Dette er berre nokre av stikkorda for det du får oppleva på Friluftsliv-Hardangervidda.

Friluftsliv – Hardangervidda er for deg som likar å oppleva naturen, anten det er ved på sjøen/innsjøen frå ein kano/kajakk, til fots eller på ski i høgfjellet eller med stegjern på breen. Elevane på denne linja trivst like godt utandørs som innandørs og søker sterke opplevingar i vestlandsnaturen både i låglandet og i høgfjellet på Vidda.

Vi har hardangervidda som klasserom og boltreplass. Her går vi både merka stian og utanom dei faste løypene for å oppsøke naturperlene. Vi har med oss telt og fiskestang og blir på Vidda gjerne fleire dagar i strekk når vi først har dratt avgarde.Vi fiskar i fjellvatn og vassdrag og tilbereder fisken over open flamme om kvelden. Dersom nokon har jaktprøven, og vi får småviltkort kan det bli aktuelt å ta med børsene for å prøva seg på rypa om hausten eller haren om vinteren.
Geologien på Hardangervidda er både spesiell og spennande, og det er vi innom både før og underveis på turane våre.

Vi kryssar Hardangervidda både haust og vinter. I forskjellige retningar, slik at når du er ferdig med skuleåret kan du leggja ut på eigne turar på Vidda i terreng som du kjenner frå før, og vera trygg på at du kan det du må for å klara deg i all slag vær og i alle situasjonar.

Vi prøver å nå ulike toppar, både haust og vinter, anten for å nyte utsikten eller for å kunne gleda seg over nedkøyringa på ski etterpå.

Vi legg og undervisning og opplegg til Folgefonna, både isklatring, brevandring i taulag og kryssing av fonna kan bli aktuelt. Før vi kan dra på breen er også teori om isbrear og glasiologi eit naturleg tema.

Vinterfriluftslivet består sjølvsagt mykje av skiturar og –trening. Vi skal krysse Vidda i februar/mars, og treng difor å trene både fysikk og på overnatting i snøen og matlaging med enkle hjelpemiddel. Nokre av overnattingane vil foregå i telt/snøhole, i tillegg brukar vi turisthyttene på Vidda. Vi må og innom skredlære, førstehjelp, kameratredning, ruteplanlegging etc. før vi kan legge ut på langtur.

Vinteren byr og på aktivitetar som langrenn i løyper, telemarkkøyring i Røldal skisenter, isfiske og hudekøyring. Vi har og tatt imot tilbod om å lære oss kunsten å kite.

Utstyr og bekledning, produksjon av utstyr som vi treng ( t.d. kopp, kniv, gamasjar og vindvottar ), bygging av igloo og nødbiuvakk, orientering og bruk av kart/kompass og GPS er også undervisningstema på linja. Både i teori og i praksis.

Vi stressar ikkje med å nå høgast eller gå fortast eller lengst. Vi klarar det vi klarar som gruppe, og likar like godt å nyte roen og stillheiten i naturen som å notere høgde-eller lengdemetrar. Vi likar å involvera gruppa ( elevane ) i dei beslutningane som skal takast før og undervegs på tur. Slik får elevane påvirke opplegget, og slik trur vi at tur-og naturopplevinga blir best mogleg.

Det er dette som er Friluftsliv – Hardangervidda. Det gode friluftslivet!

Utanlandsturen vår går til Marokko der vi tilbringer mykje tid i Atlasfjella. Vi går m.a. til toppen av Tobukal, Nord-Afrikas høgaste fjell.