
Bli med på Hardangervidda, Nord-Europas største høgfjellsplatå! Prøv fartsfylt hundekøyring og bli med på spektakulære toppturar!
Vi går til fots og på ski i vill og vakker vestlandsnatur, nokre gonger frå hytte til hytte. Andre netter søv vi i telt eller snøhole. Hardangervidda er aldri finare enn på hausten og vinteren. Ein padletur på blikkstille vatn, etterpå nysteikt fjellaure – det er ikkje feil. Vi får mange stemningsfulle timar rundt bålet, på leirplassen eller i gapahuken.
På andre sida av fjorden ligg Folgefonna og ventar. Vi tar isøks, tau og stegjern og klatrar i mektige brefall.
Tur til varme og solfylte Marokko med hiking i Atlasfjella er ei oppleving du må få med deg! Der erobrar vi Nord-Afrikas høgaste fjell, Toubkal(4167 moh).
I vinter får du prøve mellom anna isfiske, kiting, iglo, nødbivuakk. Den store prøven er kryssinga av Hardangervidda på ski. Ein fantastisk tur du aldri kjem til å gløyma.
Meir om Friluftsliv – Hardangervidda
