HARDANGER ER FAIRTRADE-SKULE!
Hardanger Folkehøgskule vart Norges andre Fairtrade-folkehøgskule, etter Ringerike. Fairtrade er eit kvalitetsstempel i form av ei internasjonal merkeordning som gjennom handel skal styrka bønder og arbeidarar i fattige land. Rettferdig handel som skal sikra bønder og arbeidsfolk ei anstendig inntekt, har vore eit begrep i mange år. Kriterier for å bli ein Fairtrade-folkehøgskule er at [...]
Kinoreklame for skulane i Hordaland
Folkehøgskulane i Hordaland har laga ein felles kinoreklame. Filmsnutten går på kino i Drammen, Tromsø, Stavanger og Trondheim i veke 7 og 8. Trykk på linken under for visning. https://ftp.bug.no/files/?key=0cb24c8a0a3e5cfdaabd1674e68daf62
BLIKK INN PÅ ELEVROMMA
Gutabygget. Skulen har tre internat. Hovudbygget, Primula og Gutabygget. Namna har dei fått for lenge sidan, og det er ikkje slik at det berre bur gutar på Gutabygget. Desse bileta er meint som eit blikk inn på buforholda for elevane. I tillegg finn du sjølvsagt koselege internatstover på alle internat. Gutabygget er det internatet kor [...]
GRATULERER INGVILL!
Vi vil veldig gjerne senda våre gratulasjonar til Ingvill Bruland Vadla for godt gjennomført ekspedisjon frå svenskegrensa til Snøhetta med Ingen Grenser-gjengen. Vi er stolt over å kunne sei at denne sterke, omsorgsfulle og omtenksomme jenta har vore elev hos oss! Veldig bra Ingvill. [...]
FAM. AARVIK TIL BERLIN
Ullensvang herad har ein bustad i Berlin. Denne får kunstnarar frå heradet disponera i periodar. I vår har Inger Elisabeth Aarvik fått tildelt denne bustaden, og ho skal bu der for øving og inspirasjon i i vår. Deler av tida skal ho ha familien med seg, og vår kjære kunstlærar Åsmund skal dermed bu i [...]
KREATIVT KAOS
Kurs i akrylmaling med Åsmund Aarvik. Kurset er tilpassa slik at det ikkje trengs noko særleg førehandskunnskap eller erfaring. Kursavgift kr. 1500.-+ materialkostnad. Kurset går over 6 dagar. Oppstart 13.februar. Vidare 16.-18.mars og 23. – 24. mars. Påmelding til skulen på 53671400, elelr på kontor@hardanger.fhs.no
KURS I REDESIGN
Det blir helgekurs i søm og redesign av klær med motedesigner Veronika Glitsch www.veronikaglitsch.no. Kurset går over ei helg frå 16. – 18. mars. Her får du sjansen til å lære syteknikk i tillegg til å få hjelp til å fikse litt på gamle plagg. Både for den med og utan syerfaring. Kontakt skulen [...]
OPPTAKSSTART 1. FEBRUAR
Vi startar opptaket for skuleåret 2012/13 den 1.februar. Vi har erfaring med at linjene kan bli fort fulle, så derfor ber vi interesserte søkjarar om å søkja tidleg. Hugs å leggje med vitnemål/terminutskrift av karakterar frå vidaregåande skule.