image

Har du lyst til å designe og sy dine eigne klede samtidig som du tar eit år på folkehøgskule?

På denne linja får du ein god grunnopplæring i søm og du får sy klede til deg sjølv. Du får lære moteteikning, laga god design og konstruere mønster.

image
image

Dette er linja der jakt og skyting står i høgsetet.

Jakt i fjellet, i skogen og på sjøen – ja vi jakter på nesten alt norsk storvilt som det kan jaktes på.

image
image

Kva er vel betre enn å bruke eit heilt år på hest, der du får gode opplevingar og påfyll av kunnskap?

Allsidig er eit nøkkelord for hestelinja vår. Vi har allsidige hestar, allsidige treningsformer, allsidig utstyr, og du vil få opplevingar du seint vil gløyme.

image
image

Bli med på Hardangervidda, Nord-Europas største høgfjellsplatå! Prøv fartsfylt hundekøyring og bli med på spektakulære toppturar!

Opplev Hardangervidda og lær å meistra det barske høgfjellet gjennom tre forskjellige årstider. Du får mange turdøgn i telt, gapahuk, snøhole og hytte. Klatring, padling, breklatring, telemarkkøyring, kiting, fisking.

image
image

Likar du å arbeida med bilde? På denne linja får du solid basisopplæring i teikning, maling og fotografering.

I tillegg til å utvikla eigne evner lovar vi deg eit stimulerande og kreativt miljø saman med spennande medelevar.

image
image

Her får du ei fin blanding av idrett og friluftsliv - med utfordringar, opplevingar og fellesskap.

Eit år på denne linja inneheld alt frå padling, surfing, fjell og breklatring, rafting og paragliding, telting, toppturar, offpiste-køyring, hundekøyring, kiting, fotball, volleyball, bogeskyting.

image

Kunst

Elise Kjærstad - Stian Bratland

UTSTILLING MED FOTO VALFAG

Til foreldrefesten i slutten av november hadde foto valfag utstilling. Her nokre av bilda som bei vist.  

Kunstlinja i Roma

Kunstlinja i Roma

Kunstklassen hadde ei fantastisk veke i Roma i starten av mars. Veret var strålande og me fekk sett og opplevd alt som stod på planen vår + ein heil massse i tillegg. Den fyrte dagen var me turistar og såg typiske turistting, Piazza del Popolo, Trevifontena, Phanteon, Piazza Navona. Dei neste dagene var me i [...]