Knall og fall i Elvadalen

Sjølv om regnet la ein dempar på snøen la det ikkje ein dempar på stemninga då Idrett og Friluftsliv gjennomførte årets første skitur i Elvadalen.
Mykje snø har lagt seg i Lofthus over helga og IF-klassa veit å utnytte dette. Vi tok fatt ski, stavar, niste og spadar og la ut på tur ut i Norsk natur. Vi bygde hopp i forskjellige størrelsar og alle som ein satt utfor bakken i håp om å komme heilskinna frå det. Det var ein del fall då ikkje alle har stått like mykje på ski før. Men det er rart med det, lærar Trond som fekk sine ski før elevane vart fødd(og framleis brukar dei) kjenner den kalde og våte snøen i nakke og ansikt minst like mykje som oss andre. Vi hadde konkurransar og leik og kjørte på både ei og to ski med både ein og to personar. Etter leiken øvde vi på telemarkssvingar og telemarksnedslag i håp om å auke skikunnskapane fram mot at vi skal krysse Hardangervidda seinare i år.

