Kunstklassen hadde ei fantastisk veke i Roma i starten av mars. Veret var strålande og me fekk sett og opplevd alt som stod på planen vår + ein heil massse i tillegg.
Den fyrte dagen var me turistar og såg typiske turistting, Piazza del Popolo, Trevifontena, Phanteon, Piazza Navona. Dei neste dagene var me i Vatikanmuseet, i Peterskyrkja med kuppelbesøk, Nasjonalmuseet for kunst, Colloseum, Forum Romanum, nokre kyrkjer med bilete av Caravaggio, søndagsmarknad, Trastevere , operakonsert og mykje meir. Den evige stad fornekta seg ikkje og innfridde alt de me hadde håpa på. Roma er vakker og spennande og romerane er opne og generøse mot oss som gjester. Maten er god, resturantane er lune og kelnerane veit korleis dei skal sjarmera besøkande. Som klasse hadde me ein kjempefin tur, såg masse spennande og hadde det fint i lag.

Mimi og Hanne blir portrettert på Piazza Navona